Bilførar omkom i frontkollisjon i Finnmark

Ein bilførar mista livet i ein frontkollisjon mellom ein lastebil og ein varebil på riksveg 92 mellom Karasjok og Kautokeino i Finnmark seint tysdag kveld.
innenriks

Politiet fekk melding om ulykka ved Suossjavri i Karasjok, som ligg rett ved kommunegrensa til Kautokeino, klokka 22.58 tysdag kveld.

Operasjonsleiaren i politiet Tarjei Leinan Mathiesen opplyser til NTB at dei to personane i lastebilen verkar fysisk uskadt, men at føraren i ein varebil døydde på staden. Vedkommande var åleine i bilen.

Det er gode veg- og føreforhold og tørr asfalt på ulykkesstaden tysdag kveld, men riksvegen er smal. Politiet kjenner ikkje årsaka til ulykka, men har fått opplyst at varebilen skal ha komme over i motgåande køyrefelt.

Natt til onsdag opplyser politiet at riksveg 92 vil vere stengt fram til onsdag formiddag fram til ulykkesgruppa til Statens vegvesen kjem til staden. Dei er venta framme onsdag morgon.

Kriminalteknikarar frå Alta er natt til onsdag på veg til ulykkesstaden, ein køyretur på 140 kilometer. Dei er venta framme i løpet av natta.

Politiet stadfestar at pårørande er varsla.

(©NPK)