892 nye koronasmitta registrert siste døgn

Det siste døgnet er det registrert 892 koronasmitta personar i Noreg. Det er 327 færre enn same dag førre veke.
innenriks

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 761 koronasmitta per dag. Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 1.186, så trenden er stadig fallande, slik han har vore i nesten to veker.

Tysdag var 119 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var tre færre enn dagen før.

35 av pasientane ligg på intensivavdeling, og blant dei er 21 på respirator. Det er to fleire på intensiv og éin fleire på respirator enn måndag, ifølgje Helsedirektoratets oversikt.

(©NPK)