Tidlegare Sp-leiar støttar ei fleirtalsregjering med SV

Tidlegare kulturminister og stortingsrepresentant for Sp, Anne Enger, håpar på ei fleirtalsregjering med SV. Sp-ordførar Dan Håvard Johnsen er derimot usamd.
innenriks

Torsdag møtest Ap, Sp og SV til regjeringssonderingar på Hurdalsjøen Hotell. Det kan bli første steg på vegen mot ei fleirtalsregjering.

– Det er fint at dei kjem i gang med sonderingane. Eg kryssar fingrane for at det går bra, seier Anne Enger til Vårt Land.

Anne Enger leidde Senterpartiet frå 1991 til 1999. Ho var kjend som «nei-dronninga» under EU-kampen og tok Sp til rekordhøge 16,7 prosent i stortingsvalet i 1993.

Ho meiner at det er naturleg at dei tre partia møtest til sonderingar, men Sp-ordførar i Lyngen kommune i Troms og Finnmark Dan Håvard Johnsen er usamd. Han peikar på at Sp gjekk til val på ei regjering basert på Ap og Sp.

– Vi vil få trøbbel med å sjå veljarane vårast i auga ved neste korsveg om vi går i regjering med SV. Eg er sikker på at Senterpartiet får ein stor ripe i lakken om vi har SV med i båten, seier han til avisa.

Han peikar på fleire saker der han meiner SV og Sp er på kollisjonskurs. Mellom anna innanfor klima og miljø, CO₂-avgift, rovdyr og skatt. Heller ikkje fiskeripolitikken til SV får ståkarakter.

(©NPK)