Noreg gir 80 Nato-tilsette afghanarar opphald

Noreg vil ta imot og busetje om lag 80 afghanske borgarar som har jobba for Nato før dei internasjonale styrkane trekte seg ut i august.
innenriks

I samband med at Kabul tok over makta i Afghanistan, evakuerte Noreg både eigne borgarar og lokalt tilsette afghanarar. Samtidig vart fleire Nato-tilsette evakuerte, og det er 80 av desse regjeringa no vil gi opphald, melder VG.

– Det var tidleg eit ønske om at Nato-land og partnarland skulle gi vern til dei som ikkje jobba spesifikt for eit enkeltland i Afghanistan. Der har vi alle eit ansvar, der Noreg tidleg sa seg villig til å bidra, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til VG.

Blant dei som får opphald er det òg familiemedlemmer av dei Nato-tilsette.

(©NPK)