Rune Gerhardsen bisett – blir hugsa som livsglad og uredd

Samfunnssalen i Oslo var fylt med raude roser då venner og familie tok farvel med tidlegare byrådsleiar og Ap-politikar Rune Gerhardsen, som vart bisett i dag.
innenriks

Berre nokre få personar er tidlegare bisette frå den tradisjonsrike Samfunnssalen, blant dei gamle Arbeiderparti-kjempene Haakon Lie og Reiulf Steen.

– Meir enn nokre andre var Rune Gerhardsen fødd inn i Arbeidarpartiet. Han vaks opp i partiet og levde i det. Når han var på det første møtet sitt i denne salen, veit eg ikkje, men gammal var han neppe, sa Ap-leiar Jonas Gahr Støre i minnetalen sin.

Rune Gerhardsen voks opp som son av landsfaderen Einar Gerhardsen, og Arbeidarpartiet og politikken la rammer rundt livet hans.

Verva Jens inn i AUF

Tidlegare statsminister Jens Stoltenberg kunne fortelje korleis Rune Gerhardsen verva han inn i AUF på valdagen i 1973.

– Vi lærte fort å seie kamerat, kameratsleg helsing, og det vi gjorde etter møta, kalla vi kameratsleg samvær, sa Stoltenberg, som også skildrar korleis han såg opp til og beundra Rune Gerhardsen og prøvde å etterlikne han.

– Han var ein heilstøypt sosialdemokrat, og han var ein venn som mange vil sakne, sa Stoltenberg i ein personleg minnetale.

Sjølv om Rune Gerhardsen fekk tankegodset til arbeidarrørsla inn frå barnsbein av, var han ikkje redd for å utfordre beståande idear, framheva fleire.

– Han var ein uredd, nytenkjande og banebrytande politikar som alle vi som kjem etter, har mykje å lære av, sa Støre, som så svært gjerne skulle ønsket at Gerhardsen hadde fått oppleve Aps valsiger natt til tysdag.

Han fortalde òg korleis Gerhardsen fann ut at han kunne spare verdifulle sekund i nøye tilmålt taletid ved å droppe frasar som «kjære landsmøte», og heller gå rett på sak.

– Han hadde ein forkjærleik for direkte tale og ein aversjon mot innpakning, sa Støre.

Snillismen som skapte spetakkel

Stoltenberg humra litt då han mintest korleis Gerhardsen fortalde han om ei bok han skulle gi ut, berre veker før kommunevalet i 1991.

– Rune var ein høgttenkande politikar, men ikkje like god på forankring og langdryge prosessar, fortalde Stoltenberg godlynt.

Det vart eit spetakkel av boka «Snillisme på norsk», som tok eit oppgjer med misforstått snillheit, som minte om grensene i velferdsstaten og viktigheita av å stille krav – òg til innvandrarar.

– Boka forandra Noreg. Og vi vann valet i Oslo, danna byråd med SV og Rune vart byrådsleiar, sa han.

Ønskte musikk i bisetjinga

Programmet for bisetjinga bestod av mange musikalske innslag, slik at det nærast vart ein liten konsert i Samfunnshuset.

Det var etter Rune Gerhardsens eige ønske. Han hadde sjølv skrive lister over kva han ønskte av song og musikk, og presisert at han ønskte korte talar, ifølgje seremonileiar Svein Larsen.

Av familien vart Rune Gerhardsen huska for både den livsglade innstillinga si og særeigenheitene sine. Kona Mai minte han som ein gjennomført snill og sjenerøs mann, medan døtrene Marte og Mina fortalde om korleis faren sende dei ut i livet «utan bremser på» – anten det var i bokstaveleg meining på rulleskøyter, eller i meir overført betydning.

Mina Gerhardsen skildra korleis nye tankar, idear og engasjement var eit heilt konkret innslag i kvardagslivet til faren.

– Han hadde alltid ei blokk og ein penn i lomma slik at han kunne skrive ned interessante tankar som han kunne bruke seinare, fortalde ho.

Rune Gerhardsen døydde på Nordseterhjemmet i Oslo 4. september. Han hadde vore sjuk med alzheimer i lengre tid.




(©NPK)