Mann må betale 15.000 i bot for å ha hosta på togkonduktør og sagt han hadde korona

Ein mann i 40-åra er dømd til å betale ei bot på 15.000 kroner etter å ha hosta på ein togkonduktør og sagt han hadde korona.
innenriks

Hendinga skjedde på toget frå Gjøvik til Lunner i januar i år. Mannen nekta straffskuld då saka gjekk for retten i august, men fleirtalet i tingretten sette si lit til forklaringa til konduktøren om hendingsgangen. Det melder Oppland Arbeiderblad.

Mannen fekk først eit førelegg på 20.000 kroner, men vedtok ikkje dette. I tingretten vart det teke omsyn til den personlege økonomien til mannen, og bota vart redusert til 15.000 kroner.

Den subsidiære straffa er 30 dagars fengsel. Mannen må òg betale 2.000 kroner i sakskostnader.

(©NPK)