MDG-veteran meiner partiet valde feil strategi

Den mangeårige MDG-politikaren Jan Bojer Vindheim reagerer på at partiet stilte eit ultimatum om å ikkje støtte ei regjering som vil halde fram med oljeleiting.
innenriks

Ifølgje Klassekampen meiner Vindheim dette var feil strategi. Ultimatumet vart vedteke i mai.

– Eg har heile tida meint at Dei Grøne ikkje er modne for å sitje i regjering, så det er bra at det ikkje er aktuelt for oss. Men å gå inn i regjeringsforhandlingar med den typen ultimatum er kontraproduktivt. At vi skal seie at all oljeleiting må stoppe, som FN òg seier, er sjølvsagt rett, men dette ultimatum-opplegget fungerte ikkje som det var tenkt, seier han.

Vindheim har vore med i partiet sidan 1988 og sit no i fylkestinget i Trøndelag. Han åtvarar i tillegg mellom anna mot at MDG skal verke som eit parti for ei lita, urban gruppe.

Partisekretær Torkil Vederhus fortel at det Vindheim tek opp, skal bli ein del av evalueringa av valkampen.

– Vi gjekk fram, men ikkje nok fram, seier partisekretæren.

MDG mangla ifølgje TV 2 tysdag kveld berre litt over 1.700 stemmer for å nå den kritiske sperregrensa på 4 prosent og får dermed ikkje vere med i kampen om utjamningsmandat. Valanalytikar Terje Sørensen meiner likevel at partiet ikkje vil nå over den grensa.

(©NPK)