KrF-veteran vil diskutere om politikken til partiet er for konservativ

Mangeårig KrF-politikar meiner partiet må spørje seg om det har vorte for konservativt for det moderne samfunnet.
innenriks

Spørsmålet kjem frå Torhild Bransdal, tidlegare ordførar i Vennesla og avtroppande stortingsrepresentant for partiet.

– Blir KrFs politikk for konservativ for det moderne samfunnet? Eg konkluderer ikkje, men det er viktig å tune partiet inn. Det er i alle fall verd å stille spørsmålet og så håpar eg på ein god prosess, seier Bransdal.

Ho valde borgarleg side i retningsstriden til partiet.

– Vi har vore gjennom eit dramatisk vegval der vi har mista mange. Og så kan det hende dei kristne i Noreg har forandra seg meir enn KrF har, seier Bransdal.

(©NPK)