Konkurransetilsynet: Færre passasjerar aukar risikoen for fleire monopolruter

Konkurransetilsynet meiner ein framleis nedgang i talet på flypassasjerar aukar risikoen for monopolruter. Tilsynet åtvarar òg mot ny krisestøtte til etablerte aktørar.
innenriks

Gjennom pandemien har SAS, Norwegian og Widerøe fått meir enn seks milliardar kroner i statleg støtte.

Onsdag er det høyringsfrist for arbeidet til regjeringa med ny luftfartsstrategi, som etter planen skal leggjast fram for Stortinget kommande vår.

Det er i det høvet tilsynet har overlevert regjeringa eit brev der det blir åtvara mot at statleg hjelp kan føre til at nye aktørar ikkje tør å etablere seg. Det melde NRK onsdag morgon.

– Må gi nye selskap like vilkår

– Det som er avgjerande, er at nye selskap som etablerer seg, får moglegheit til å konkurrere på like vilkår som dei etablerte selskapa. Det inneber at styresmaktene må vere varsame med å gi økonomisk støtte til dei etablerte aktørane, seier seniorrådgivar Elisabeth Steckmest i Konkurransetilsynet til kanalen.

Ho meiner det er ein fare for prisauke dersom marknaden bevegar seg frå konkurranse til monopol.

Vil ha inn fleire anbod på«monopolruter»

Tilsynet oppgir i ei pressemelding at dersom nedgangen i talet på flypassasjerar held fram etter pandemien, så aukar risikoen for «monopolruter» – FOT-ruter – der berre éin aktør flyg. Tilsynet meiner det kan bli dramatisk for passasjerane, med auka billettprisar og dårleg tilbod.

FOT-ruter blir delfinansiert av staten og blir utsette for anbodskonkurranse. For å få fleire selskap til å leggje inn anbod ønskjer Konkurransetilsynet mellom anna å forlengje rullebanar på mindre flyplassar.

– Forlenging av rullebanane vil gjere det mogleg å nytte fleire flytypar slik at fleire selskap kan bli med i anbodskonkurransane. Dette kan vere kostbart på kort sikt. Men auka konkurranse kan bidra til å halde nede billettprisane, samtidig som det offentlege kan spare store summar, seier seniorrådgivar Line Halvorsen Hamre i Konkurransetilsynet.

(©NPK)