20 smitta i Bergen siste døgn

Det er registrert 20 nye smittetilfelle i Bergen siste døgn, ned frå 30 dagen før.
innenriks

Det er fire smitta i kvar av aldersgruppene 13–19 og 20–29. Tre barn i alderen 6–12 vart smitta, og dessutan to i alderen 0-5, melder kommunen.

I aldersgruppene 30-39, 40–49 og 50–59 var det òg to smitta kvar, i tillegg til at éin person mellom 60 og 69 var smitta.

16 av dei smitta er nærkontaktar, og fire har ukjend smitteveg.

Onsdag er éin pasient innlagd på Koronaklinikken.

(©NPK)