Erna Solberg blir historisk: Inn på Stortinget for niande gong

Erna Solberg (H) får kanskje ikkje nokon tredje statsministerperiode. Men ho blir den første på over 100 år som blir valt inn ni gonger på Stortinget.

Erna Solberg blir historisk om ho blir valt inn på Stortinget for niande gong, Bilete frå statsminister Solberg sitt besøk på Nordfjordeid i samband med kommunevalet i 2019.   Foto: Tormod Flatebø

innenriks

Heilt sidan 1989 har Solberg vore valt inn på Stortinget – altså i over 30 år. I fleire av periodane har ho likevel hatt ein vara som møter for henne, fordi ho har vore statsråd eller statsminister.