– Eit historisk val for Raudt

Raudt får ei oppslutning 4,6 prosent og kan med det gå frå éin til åtte representantar på Stortinget, ifølgje prognosen frå Valdirektoratet klokka 21.45.

Ein strålande nøgd nestleiar i Raudt Marie Sneve Martinussen etter første prognose under Raudts valvake på Samfunnssalen ved stortingsvalet 2021.   Foto: Beate Oma Dahle / NTB

innenriks

– Dette kjennest heilt fantastisk! Eit historisk val for Raudt der vi mangedoblar representasjonen vår på Stortinget. Det trengst dersom vi skal ta Noreg i ei ny retning der vi skal få ned dei økonomiske forskjellane og klimautsleppa på ein rettferdig måte, seier nestleiar Marie Sneve Martinussen til TV 2.