Politiet ventar auka trafikk ved grenseovergangane

Politiet ventar og er førebudd på auka trafikk ved grenseovergangane mot Sverige etter endringane i regjeringa i innreiserestriksjonane frå natt til 2. august.
innenriks

For å unngå kø tilrår politiet i Innlandet at reisande nyttar grensepasseringane på andre tidspunkt enn mellom 13.00 og 19.00.

– Ha nødvendig dokumentasjon klar ved grensepassering. Då får vi ei betre trafikkavvikling i grensekontrollen, og ventetida blir kortare, seier politistasjonssjef i Kongsvinger, Gjermund Thoresen.

Politiet understrekar òg at det ikkje er lovleg å nytte seg av andre grenseovergangar enn dei som er opne, og dei som passerer grenseovergangane utanom opningstid eller passarar stengde grenseovergangar, blir melde.

Fredag gjorde regjeringa endringar for seks regionar i Sverige frå 2. august. Norrbotten går frå oransje til grøn og Värmland går frå raudt til grøn, og reisande herfrå må derfor ikkje i karantene når dei kjem til Noreg.

Gotland, Halland, Skåne og Stockholm går frå grøn til oransje og får dermed karantenekrav.

Fullvaksinerte eller dei som har gjennomgått covid-19-sjukdom dei siste seks månadene, er friteke frå innreisekarantene uavhengig av kva land dei kjem frå.

(©NPK)