Mann mistenkt for vald under innflytting i Bergen

Ein mann i 30-åra skal torsdag kveld ha vorte angripen av ein mann i 50-åra medan han heldt på å flytte inn i ei leilegheit i Bergen.
innenriks

– Det kom ein og tok kvelartak på han, pluss at han slo og skalla han. Det skal ha skjedd heilt utan årsak, ser politistasjonssjef Lars Morten Lothe i Bergen sentrum til Bergens Tidende.

Eit vitne melde frå, og politiet rykte ut.

– Mistenkte viste seg å vere ein som budde i oppgangen, ein mann i 50-åra, seier Lothe.

Han vart teken med inn og sett i politiarresten. Ifølgje Lothe sat han der framleis fredag morgon.

(©NPK)