FHI: Nordmenn kan vere fullvaksinerte tre veker tidlegare enn venta

Noreg ligg an til å kunne få fullvaksinert befolkninga tre veker tidlegare enn venta – i vekene 38-39, opplyser FHI i ein oppdatert vaksinasjonskalender.
innenriks

– FHIs oppdaterte vaksinekalender viser at Noreg ligg an til å kunne fullvaksinere den norske befolkninga om lag tre veker raskare enn den førre vaksinekalenderen viste, opplyser statsminister Erna Solberg (H) til VG.

Den oppdaterte vaksinasjonskalenderen frå Folkehelseinstituttet viser at dei no reknar med at aldersgruppa 18–44 år, som står sist i vaksinekøen, vil vere fullvaksinert i veke 38–39. I førre vaksinasjonskalender var dette vurdert til veke 41–42.

– Dette er gode nyheiter og viktig for den vidare gjenopninga av Noreg, seier Solberg.

FHI skriv at endringar i vaksineleveransar er årsaka til at tidspunktet for fullvaksinering blir påverka. Det kjem omtrent 100.000 ekstra dosar frå vaksineprodusenten Pfizer og 20.000 ekstra dosar frå Moderna i juli, samanlikna med kva som var berekna i førre vaksinasjonskalender.

I tillegg kjem det omtrent 290.000 ekstra dosar frå Pfizer og 200.000 ekstra dosar frå Moderna i august, og 70.000 ekstra dosar frå Moderna i september.