62 nye smitta i Bergen

Bergen kommune melder fredag om 62 nye koronasmitta. Kommunen er bekymra for at smittetala er så høge og følgjer situasjonen nøye.
innenriks

Byrådet følgjer smittesituasjonen nøye og vil vurdere om det eventuelt er behov for tiltak over helga, skriv kommunen på nettsidene sine.

Bergen kommune hadde torsdag møte med Folkehelseinstituttet (FHI). Kommunen vart anbefalt å vurdere eventuelle målretta tiltak eller tilrådingar dersom smittetala ikkje minkar i løpet av kort tid.

Smittevernoverlegen i Bergen har òg tilrådd byrådet å vente og sjå på smitteutviklinga før det blir vedteke om lokale tiltak bør innførast.

Vurderer tiltak neste veke

Kommande veke vil byrådet samlast og vurdere om det er behov for å innføre lokale tiltak. Kommunen vil òg planleggje møte med studiestader og arrangørar av større arrangement i tida framover.

– Vi er bekymra for at smittetala er så høge og følgjer situasjonen nøye. Vi har òg løpande kontakt med FHI og kjem til å ha møte med representantar for utelivsbransjen i dag sidan det har vore ein god del smitte på serveringsstader. Kommunen vil òg auke tilsyna i helga og oppmodar til at det blir ført gjestelister ved inngangen, seier helsebyråd Beate Husa (KrF) fredag.

Ukjend smitteveg for fleire

Smitten er framleis spreidd på mange ulike arenaer, men med litt større aldersfordeling enn tidlegare i veka.

I alt 27 av dei smitta er i alderen 20–29 år og 16 er i alderen 30–39 år. Av dei smitta er 36 nærkontaktar, sju er importsmitte, medan 16 førebels har ukjend smitteveg, éin er ikkje kartlagd enno og to er usikre

(©NPK)