13 veljarar blir etterlyste etter stemmefeil i Kongsberg

Rot med konvoluttar gjer at ei gruppe veljarar i Kongsberg som har stemt tidleg i stortingsvalet, risikerer å få stemmene sine forkasta.
innenriks

Valstyresekretær Bernt Søraa fortel til VG at det dreier seg om til saman 13 veljarar av totalt 20.178 stemmeføre i kommunen.

– I dag har vi dessverre gjort ein teknisk brølar i tidligstemmemottaket på rådhuset, og den er så stor at vi må be alle som tidligstemte fredag 30. juli, om å komme og stemme ein gong til, skriv kommunen på si Facebook-side.

Ifølgje VG har kommunen kontakta lokalavisa i eit forsøk på å spore opp veljarane som avla stemmene sine i rådhuset fredag. Håpet har at alle får komme tilbake og stemt på nytt.

– Det som er skjedde, er at vi har lagt personopplysningar saman med stemmesetel i ein og same konvolutt, seier Søraa til avisa.

Dermed blir ikkje kravet om hemmeleg val oppfylt, og stemmer som vart gitt frå seg i konvolutt fredag, vil derfor bli makulerte, opplyser kommunen.

Ifølgje VG gjeld feilen 11 av dei 13 veljarane, men kommunen må likevel etterlyse alle sidan valet skal vere hemmeleg.

(©NPK)