Oljefondet tapte over 170 millionar kroner etter Nikola-tiltale

Grunnleggjaren av lastebilprodusenten Nikola vart torsdag tiltalt for bedrageri, noko som førte til eit aksjestup for selskapet på Wall Street.
innenriks

Trevor Milton, som grunnla Nikola, har fått bedrageritiltalen etter at han skal ha feilinformert investorar, skriv E24.

Ved opning på Wall Street stupte aksjen til selskapet. Blant aksjonærane til Nikola er det norske Oljefondet og hydrogenselskapet Nel, som begge får fleire millionar i papirtap etter tiltalen.

Oljefondet hadde 16,9 millionar aksjar i Nikola, ifølgje aksjonærlister frå Bloomberg. Dette svarer til ein posisjon på nær to milliardar kroner, men denne har i ettermiddag vorte påført eit papirtap på over 173 millionar norske kroner.

(©NPK)