Fleire nordmenn vil ha elbil

Dei siste fire åra har langt fleire vorte positive til å eige elbil, og delen som er negative eller i tvil, minkar, ifølgje ei undersøking.
innenriks

I 2017 var 31 prosent negative til å eige elbil, medan denne delen har gått ned til 24 prosent i 2021, ifølgje ei undersøking frå Naf.

Delen som kan tenkje seg å eige elbil har auka frå 30 prosent til 43 prosent.

Det er overraskande høgt, meiner Naf. Dei fleste i Noreg kjøper nemleg bruktbil, men bruktmarknaden for elbilar er framleis lite.

– Elbilen utgjer over halvparten av alle nye bilar som blir selde, men utgjer berre rundt 10 prosent av bruktmarknaden, seier kommunikasjonsrådgivar Ingunn Handagard i Naf.

Ho anslår at det tek mellom tre og fire år før bruktbilmarknaden for elbilane er skikkeleg oppe og står.

(©NPK)