Vedum opna valkampen på Nordkapp

Leiar i Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, la valkampopning til staden der Noreg sluttar.
innenriks

– Det er utruleg hyggjeleg å kunne ønskje velkommen til valkampopning på Noregs endepunkt, sa Vedum med det 307 meter høge Nordkapplatået og Nordkapps ikoniske globus i bakgrunnen.

Vedums håp er no at valet 13. september skal bli eit vendepunkt etter åtte år med Erna Solberg (H) som statsminister.

– I denne valkampen skal eg personleg vere innom alle Noregs 19 valkrinsar, frå Noregs minste kommune, Utsira, til den største, Oslo, og eg skal vere frå Nordkapp i nord til Lindesnes i sør.



(©NPK)