Nordisk klima aukar skadeleg effekt av plantevernmiddel på humler

I eit typisk nordisk humlemiljø har skadelege middel mot insekt endå kraftigare effekt. Det seier norske forskarar, som har studert meir enn tusen humler.
innenriks

På 1990-talet byrja landbruket å bruke insektmiddelet klotianidin, som tilhøyrer ei gruppe plantevernmiddel som kallast neonikotinoider. Middelet vart teke i bruk fordi det ikkje skulle vere farleg for menneske. Effekten på dyrelivet var ukjend.

– Klotianidin skulle i utgangspunktet ikkje gi negative verknader for dei «gode» insekta og vere ganske trygt for humler og bier, men viste seg å ikkje vere det likevel. Ingrediensen er brukt òg i antiflåttmidler for katt og hund, men er no stort sett forbode i heile Europa, seier forskar Pawel Kolano ved Institutt for biovitskap ved Universitetet i Oslo til NTB.

Mastergrada hans inngjekk i studien, som er publisert i Journal of Pollination Ecology. Han designa eit system for å merke over tusen humler med strekkode på ryggen, slik at åtferda til kvart individ kunne studerast under ulike påverknader og forhold.

Kulde forverra evner

Ved låge temperaturar var forskjellen mellom kontrollgruppa og humlegruppene eksponert for gift, veldig stor. Ved høge temperaturar var forskjellen mindre. Regnvêr såg ikkje ut til å ha så mykje å seie.

– Kvifor studere humler påverka av eit middel som er forbodne og ikkje lenger i bruk i Noreg?

– Klotianidin er framleis mykje brukt mellom anna i USA, Asia og Afrika. Det er framleis ein viss fare for at det reintroduseres i landbruk. Vi har til dømes sett at dei siste åra er gjenopna for ein viss bruk av desse midlane i ti land, mellom anna i Frankrike og Polen, sjølv om dei store skadeverknadene for humler og bier er kjende, seier Kolano.

Han meiner det er eit tungtvegande argument mot bruken at gifta er spesielt skadeleg i nordisk, kjølig og fuktig klima. Danmark og Finland er på lista blant land som i år har fått unntak frå restriksjonane mot å bruke klotianidin.

Urbanisering, klimaendringar og ikkje minst press frå landbruket om utvida areal og bruk av insektmiddel utgjer dei største truslane mot pollinerande insekt, og mange artar er utryddingstrua enno.

Surrete humler

I forskingstidsskriftet Titan blir det beskrive korleis klotianidin verkar. Effekten er som ei slags nervegift, ganske likt som nikotin. Det vart allereie i 2012 vist at humlene blir litt desorienterte, i studiar som vart gjorde etter at FN året før slo alarm om at koloniar av honningbier døydde raskt over heile verda.

Desorienterte bier og humlar fant verken heim eller fram til mat. Dei svalt i hel. I 2013 vart klotiandin og andre neonikotinoider forbodet i ein toårsperiode i Noreg og EU. I 2018 vart tre neonikotinoider vedteke permanent forbode, og at midlar med desse skulle fasast ut frå sommaren same år. Sidan då har det vorte gitt 111 tilllatelser til periodisk unntaksbruk for dei forbodne midlane i EU, 25 av desse for klotianidin.

Den nye, norske studien viser at humler eksponert for klotianidin brukte lengre tid på å komme seg heim desto kaldare det var. For å vise dette har Kolano tolka rundt 5,5 millionar bilete av dei tusen humlene med strekkodar på ryggen, bilete teke kvar gong humlene kom inn og ut av humlekassen. Slik vart det registrert kor lenge og kor ofte kvar enkelt var ute på flytur, for å sanke mat og pollinere.

Væpna med superlim

Det var òg Kolano som festa strekkodar på humlene.

– Det var ein ganske pirkete jobb, utført med forsiktig bruk av superlim i eit mørkt rom. Dei blir jo veldig sure, så eg fekk nokre humlestikk i løpet av studien. Eg visste ikkje eingong om eg var allergisk, men det har eg fått stadfesta at eg ikkje er, seier han.

Han understrekar at humler i utgangspunktet er ganske snille og sjeldan stikk menneske. Viss ein har humlebol i nærleiken og opplever det som plagsamt, rår han folk likevel til å la humlene vere og minner om at bola er eittårige.

– Då døyr kolonien ut uansett. Å prøve å flytte på humler eller tette bola medan dei er der, vil ikkje ha noko for seg.


(©NPK)