Kontroll på skogbrann i Maridalen i Oslo

Brannvesenet rykte fredag kveld ut til skogbrann langs Gjøvikbanen i Maridalen i Oslo. Det er kontroll på brannen, som kan vere forårsaka av gneistar frå tog.
innenriks

Det var ved 18-tida at nødetatane rykte ut til skogbrannen, der det brann på to området i Maridalen.

Like etter klokka 20 melde brannvesenet på Twitter at dei har kontroll på brannen, men at dei vil jobbe på staden utover kvelden. Politiet etterforskar brannen.

Brannvesenet seier at brannen kan ha vore forårsaka av gneistar frå tog.

– Dette seier noko om kor tørt det er i skogen no, når ein liten gneiste frå eit tog kan antenne fleire brannar, seier innsatsleiar ved brann Knut Halvorsen til NRK.

Bane Nor opplyser at Gjøvikbanen er stengt mellom Oslo S og Nittedal som følgje av brannen langs togskjenene. Dei varslar at det vil komme ei ny oppdatering klokka 21.







(©NPK)