Redningsaksjon etter at kvinne vart «tåkefast» i Ørsta

Røde Kors er på veg til Rametinden i Ørsta kommune, der ei kvinne sit fast på grunn av tåke. Kvinna er uskadd og har kontakt med nødetatane på telefon.
innenriks

– Det er tett tåke i området. Lokalkjent personell frå Røde Kors er på veg til området, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter ved 17.30-tida.

Om lag tre timar seinare melder Hovudredningssentralen Sør-Noreg at eit hjelpekorps frå Røde Kors er framme og vil assistere turgåaren trygt ned.

– Redningshelikopteret Florø returnert til base då ikkje flyforhold på grunn av tett tåke, skriv dei på Twitter.

(©NPK)