Oljefondet vil stemme mot Wizz Air-sjefens milliardbonusen

Oljefondet kjem til å stemme nei til den foreslåtte lønnspakken til toppsjefen i Wizz Air i generalforsamlinga kommande veke.
innenriks

Tidlegare i juli kom det fram at gründer og konsernsjef Jozsef Varadi kan ende opp med over ein milliard i bonus dersom forslaget i styret blir godkjent, skriv E24.

Selskapet, som har trekt seg ut av innanrikstrafikken i Noreg, har Oljefondet som ein av aksjonærane. Ifølgje ei oversikt frå 31. desember i 2020 eig Oljefondet 0,91 prosent av selskapet.

– Styret er ansvarleg for å tiltrekkje den riktige konsernsjefen og setje ei passande godtgjersle, skriv Oljefondet i grunngivinga.

– Ein betydeleg del av den årlege godtgjersla bør bli gitt som aksjar som er låste i fem til ti år, uavhengig av fråtreding eller pensjonstidspunkt, skriv ho.

(©NPK)