Nordeas nettsider er oppe igjen

Nettsida nordea.no, som dei fleste kundane bruker til logge seg inn i nettbanken, er oppe igjen etter å ha vore nede ein periode torsdag kveld.
innenriks

Det var berre nordea.no som var nede. Innloggingssida til nettbanken var oppe, men ifølgje kommunikasjonsdirektør Christian Steffensen går dei fleste kundane via nettsida for å komme seg til nettbanken.

– Vi har akkurat no nokre tekniske problem som vi jobbar med å ordne. Vi har sett alle tilgjengelege ressursar på det og beklagar det på det sterkaste, sa han til NTB like før 18.30 torsdag kveld.

Om lag eit kvarter seinare var altså sidene oppe igjen.

(©NPK)