Bergen held minnekonsert på hemmeleg stad

Bergen kommune og politiet legg stramme rammer rundt 22. juli-markeringane på torsdag. Grunnen er trusselvurderingar av høgreekstreme.
innenriks

Høgreekstremisme er framleis ein trussel, slår PST fast i ein ny rapport. Bergen kommune har derfor valt å ha eit strengt tryggingsopplegg rundt minnekonserten sin torsdag, melder NRK.

Arrangementet er berre for inviterte og offentlegheita elles får ikkje vite kor konserten skal haldast. Den digitale strøyminga blir dessutan sendt med forseinking slik at det er mogleg å forhindre at ho blir forstyrra.

– Vi må innrette oss til at der er høgreekstreme individ og krefter i dette landet som kan ha interesse av å forstyrre markeringane, seier beredskapssjef Ivar Konrad Lunde til kanalen.

Han grunngir tiltaka med at kommunen ønskjer ei verdig ramme rundt markeringa, og dessutan å ta omsyn til smittevern.

Stabssjef i Vest politidistrikt, Gustav Landro, understrekar at det ikkje har komme konkrete truslar mot nokon av arrangementa i Bergen.

(©NPK)