189 nye koronasmitta registrert siste døgnet

Det siste døgnet er det registrert 189 koronasmitta i Noreg. Det er 18 fleire enn same dagen førre veke.
innenriks

Dei siste sju dagane er det i snitt registrert 178 koronasmitta per dag.

Tilsvarande snitt for sju dagar sidan låg på 163, så trenden er stigande.

Ved midnatt natt til torsdag var det utført 6,4 millionar koronatestar her i landet sidan februar i fjor.

I alt har 134.969 personar testa positivt.

Til no har 3.246.320 personar fått første dose av koronavaksinen, og 1.687.581 personar har fått andre dose.

Onsdag var 24 koronapasientar innlagde på sjukehus. Det var like mange som dagen før.

Til saman er 796 koronasmitta personar døde i Noreg sidan mars 2020, viser førebelse tal. Om pasientane har døydd av eller med covid-19, er ikkje alltid mogleg å slå fast.

57,9 prosent av alle døde har fylt 80 år. I aldersgruppa under 50 år er det meldt om 17 dødsfall i Noreg.

(©NPK)