Osloborgarar kan få dose to tidlegare om kommunen får vaksineoverskot

Frå neste veke kan Oslo få overskot av vaksinedosar. Nokre dosar kan bli sende til andre kommunar, men kan òg bety dose to tidlegare for enkelte osloborgarar.
innenriks

– Akkurat no i avslutninga for dose éin kan det bli nokre dosar som blir sende til andre kommunar, seier smittevernoverlege Frode Hagen i Oslo kommune til VG.

Han seier samtidig at det vil vere aktuelt å gi nokre av dosane som dose to for å unngå å kaste vaksinar.

– Vi vurderer å påskunde det talet som er nødvendig for å få brukt opp alle vaksinane før dei går ut på dato, seier smittevernoverlegen.

For å sikre at flest mogleg unge tek vaksinen starta Oslo tidlegare denne veka med drop-in-vaksinering, men dette er førebels ikkje aktuelt for dose to, ifølgje Hagen.

(©NPK)