Löfven og Solberg diskuterte pandemien – vil samarbeide meir

Sverige og Noregs statsminister møttest onsdag for å diskutere handteringa i landa av pandemien. I framtida vil dei to landa samarbeide om helsekriser.
innenriks

– Vi har nokre område der det er behov for utvikling, og det gjer vi betre saman, sa Stefan Löfven til pressa utanfor representasjonsbustaden til statsministeren i Oslo onsdag ettermiddag.

Då hadde han nettopp vore i møte med statsminister Erna Solberg (H) for å diskutere ei rekkje tema. Høgast på dagsordenen stod handteringa av pandemien i landa .

Löfven understreka at stengde grenser har bode på utfordringar for svenske innbyggjarar som jobbar i Noreg.

– Alle land har måtta handtere sin eigen situasjon, og det må ein ha respekt for, sa Löfven.

Ulik tilnærming

Solberg følgde opp med å peike på at smittesituasjonen og tiltaka har vore ulike i dei to landa.

– Noreg har hatt ein del strengare tiltak, særleg ved at vi nokre gonger har hatt nedstengt økonomisk aktivitet, som har vore ope i Sverige, sa ho.

– For oss ville det vore vanskeleg å seie at vi skulle ha open grense med land som har meir smitte, og samtidig ha strenge vilkår internt i vårt eige land, sa Solberg, som understreka at ho har opplevd forståing for dette frå svensk side.

Solberg påpeika òg at dei fekk på plass ei kompensasjonsordning for grensependlarar.

– Det andre er at no er vi i ein smittesituasjon der vi er likare. Det betyr jo at nesten heile Sverige er ope for reising fram og tilbake over grensa. Så har vi framleis grensekontroll, så du må stå litt i kø, sa ho.

Vil førebyggje helsekriser

Dei to statsministrane snakka mellom anna om korleis Noreg og Sverige saman kan hjelpe kvarandre for å førebyggje liknande helsekriser i framtida.

– Vi lærer noko gjennom denne helsekrisa, at det er eit potensial for å samarbeide betre over landegrensene om ting knytt til teknologiutvikling som vi treng for framtida, sa Solberg.


(©NPK)