Statsforvaltaren skal ha tilsyn med Nav etter grill-forslag

Statsforvaltaren skal gjennomføre tilsyn med Nav i kjølvatnet av at ein mann fekk avslag på søknad om å få dekt straumrekninga og beskjed om å «låne ein grill».
innenriks

Det skriv Nav i ei pressemelding.

– Statsforvaltaren har forsikra oss om at dei vil gjennomføre eit tilsyn etter denne saka for å undersøkje om det er eit eingongstilfelle eller ikkje, seier Nav-direktør Hans Christian Holte.

I pressemeldinga legg han seg òg flat i kjølvatnet av saka, som vekte stor oppsikt måndag. Ein sosialhjelpssøkjar hadde ikkje råd til å betale straumrekninga og bad om hjelp frå Nav, som rådde han til å låne ein grill og drikke vatn frå springen.

«Det er nå sommer, og det er meldt varmt og fint vær over en lang periode. Du er dermed ikke avhengig av varme i din bolig for å overleve», skreiv Nav i vedtaket.

– Dette brevet burde aldri ha gått ut slik det var skrive, seier Holte.

Han legg til at han er glad Nav-leiaren ved kontoret som sende ut brevet, var raskt ute med å beklage.

– Ho understreka at alle innbyggjarar skal behandlast med respekt, og at eit vedtak med slike formuleringar ikkje skal sendast frå eit Nav-kontor. Der er vi heilt på linje, seier Holte.

(©NPK)