Bransjeorganisasjonane jublar over koronalettar i Oslo

NHO Reiseliv og Virke er nøgde med at Oslo fjernar dei fleste lokale koronarestriksjonane. Virke oppmodar befolkninga til å bruke dei nyopna tilboda.
innenriks

– Det var på høg tid at Oslo går over til nasjonale reglar. Det vil bety at nokre fleire bursdagar, konfirmasjonar og nokon mindre bryllaup kan gå av stabelen, seier administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv til NTB.

Frå og med onsdag gjeld dei nasjonale koronatiltaka på praktisk talt alle område i Oslo, i staden for dei strengare lokale reglane. Oslo vel likevel å behalde skjenkestopp ved midnatt fram til 4. juli, noko Devold kritiserer.

– Det er uforholdsmessig lenge å vente, seier ho.

Direktør Ivar Horneland Kristensen i Virke gleder seg òg over nye lettingar i hovudstaden.

– No er det på tide å gå ut og nytte dykk av næringane som har lege nede lenge, seier han til osloborgarane.

(©NPK)