Stortinget vedtok ny flyplass i Mo i Rana

Stortinget vedtok fredag å løyve 3,3 milliardar kroner til ein ny flyplass ved Mo i Rana.
innenriks

Pengane vart foreslått løyvde gjennom Nasjonal transportplan.

Stortinget ber samtidig regjeringa leggje til grunn at den nye flyplassen skal opnast i 2025. Avinor planlegg å starte det førebuande arbeidet i 2021 med full byggjestart våren 2022.

– Dette er eit historisk vedtak for regionen vår og norsk luftfart. Når flyplassen opnar i 2025, er det den første nye, store flyplassen som er bygd i Noreg på 50 år. Vi vil takke regjeringa og Stortinget for å knyte regionen vår tettare til resten av Noreg og verda, seier administrerande direktør Henrik Johansen direktør i Polarsirkelen Lufthavnutvikling.

Den nye flyplassen skal erstatte den eksisterande kortbaneflyplassen i Mo i Rana.

Ein rapport som Oslo Economics laga på oppdrag frå Avinor tidlegare i år, viser at flyplassen ikkje vil vere samfunnsøkonomisk lønnsam.

(©NPK)