Regjeringa vil ta verstingane – raslar med fotlenkjer og truar med fengsel

Regjeringa vurderer å straffe dei verste ungdomsforbrytarane hardare, nekta dei tilgang til belasta område og halde dei i sjakk med fotlenkje.
innenriks

Verstingane kan få fotlenkje for å hindre dei i å opphalde seg «i belastede områder eller på steder som antas å øke faren for at det begås en straffbar handling», kjem det fram av ei stortingsmelding om ungdomskriminalitet, som justisminister Monica Mæland (H) presenterte fredag.

Meldinga er utarbeidd av sju departement og inneheld ei rekkje tverrfaglege grep mot ungdomskriminalitet og for nedkjemping av kriminelle gjengar. På justisfeltet dreier det seg mellom anna om auka tilgang til å straffe kriminell ungdom, straffeskjerpingar, utvida tilgang til inndraging av eigedelar frå leiarfigurar i kriminelle miljø og forbod mot deltaking i og rekruttering til kriminelle gjengar.

Det er første gong på 20 år at det kjem ei stortingsmelding om barne- og ungdomskriminalitet.

Alternativ til fengsel

– Sjølv om mykje fungerer bra, er det grunn til å bekymre seg for gruppa av ungdommar som fleire gonger gjer seg skuldige i alvorleg kriminalitet. Desse ungdommane står òg i fare for å bli rekrutterte til kriminelle gjengar. Kriminelle gjengar utgjer ein trussel for det norske samfunnet og må nedkjempast, seier Mæland.

Bruk av fotlenkje for å handheve opphaldsforbod er svar på ei bestilling frå Stortinget i fjor. Der bad dei folkevalde om endringar i straffeprosesslova slik at dei som gjer seg skuldige i kriminalitet i visse område, kan nektast å opphalde seg i eit større område over ei viss tid. Det kom òg ønske om å vurdere bruk av elektronisk kontroll for å handheve dette.

– Det er veldig viktig å hugse at fotlenkje er eit alternativ til fengselsstraff. Du kan tenkje på det som ein offentleg husarrest. Dei kan fungere i ein skule- og arbeidssituasjon, og det er mykje betre enn å sitje i fengsel, slik at dei ikkje blir rekrutterte inn i miljø som er tungt kriminelle, seier statsminister Erna Solberg (H) til Nettavisen.

Fengsel utan vilkår

Regjeringa ser òg på moglegheita for å auke bruken av opphaldspåbod med elektronisk kontroll som alternativ til ordinær varetektsfengsling, og dessutan å gjere det mogleg å kombinere ungdomsstraff med fengsel utan vilkår.

Regjeringa foreslår dessutan å fjerne det frivillige i ungdomsstraffa. Dette vil mest sannsynleg få fleirtal i Stortinget, der regjeringa søkjer fleirtal med Framstegspartiet.

Oslo politidistrikt, Politidirektoratet og Riksadvokaten har alle varsla om behov for strengare verkemiddel overfor ei mindre gruppe ungdommar. I 2019 var det 188 barn under 18 år i Oslo som vart melde fire eller fleire gonger. Ein auke frå 88 i 2015.

– Dei aller fleste barn og unge er ikkje involverte i kriminalitet, og det er lite innslag av gjengkriminalitet i Noreg. Slik vil vi framleis at det skal vere, understrekar Mæland.

(©NPK)