Regjeringa vil la alle få gi rettslege råd utanfor domstolane

I eit forslag til ny advokatlov går regjeringa inn for at alle kan gi rettslege råd utanfor domstolane. Samtidig vil dei verne juristtittelen.
innenriks

Målet med å la alle få gi rettslege råd er å leggje til rette for innovasjon og konkurranse på marknaden for juridiske tenester slik at fleire kan få dekt behovet for rettshjelp, skriv regjeringa i ei pressemelding.

Regjeringa la fram forslaget i statsråd fredag.

Samtidig går regjeringa inn for at juristtittelen blir verna, slik at kundane lettare skal kunne orientere seg i marknaden. I dag er ikkje denne tittelen verna, i motsetning til advokattittelen. Det betyr i praksis at alle kan kalle seg jurist, sjølv om dei ikkje har noka jussutdanning.

I tillegg blir det foreslått at det blir oppretta eit advokattilsyn og ei advokatnemnd som skal erstatte dagens system med fleire organ. Formålet med endringa er å få raskare og meir effektive reaksjonar mot advokatar som bryt regelverket.

(©NPK)