Pride-flagget skal for første gong heisast på norsk marinefartøy

For første gong skal pride-flagget heisast på eit krigsskip når den norske marinen deltek under Pride-paraden i Bergen.
innenriks

I alt sju militære fartøy er med under Pride-paraden i Bergen laurdag 12. juni. Sjøforsvaret stiller med det gamle krigsskipet Hitra, kystvaktskipet Tor og støttefartøyet Olav Tryggvasson i tillegg til skuleskipa Kvarven og Nordnes og to lettbåtar frå Kystvakta.

Tone Størksen, som er sjef for sjøforsvarsbasane på Haakonsvern og Ramsund, seier det er første gong eit pride-flagg blir heist på eit norsk militært fartøy, skriv Forsvarets Forum.

– I Pride-festivalen i Bergen har Forsvaret ikkje vore ein synleg aktør tidlegare. Dette er første gong vi deltek aktivt. Eg har vore med som privatperson, men ikkje i regi av Forsvaret, seier Størksen, som i år vil delta saman med kjærasten.

– Det er ei veldig fin markering av den toleransen som Forsvaret skal ha. Og det er eit tydeleg signal at også sjefen for Sjøforsvaret er med, seier ho.

(©NPK)