Oslo Børs i pluss for første gong denne veka

Oslo Børs enda fredag 0,2 prosent i pluss etter fire strake dagar med nedgang.
innenriks

Hovudindeksen enda dermed veka på 1.128,64 poeng. Etter svak nedgang kvar dag frå måndag til torsdag, ligg indeksen no 0,4 prosent lågare enn han gjorde etter børsslutt for ei veke sidan.

Det Tromsø-baserte bioteknologiselskapet ArcticZymes Technologies vart dagens børsvinnar med ein oppgang på 8 prosent.

Equinor vart igjen dagens mest omsette aksje, men enda heilt flatt.

Prisen på eit fat nordsjøolje låg ved stengjetid på rundt 72,70 dollar. Det er ein oppgang på rundt 30 cent frå børsslutt torsdag.

Også Europa-børsane gjekk opp fredag. Ved 17-tida norsk tid fredag hadde London-indeksen FTSE 100 gått opp med 0,6 prosent, Dax 30-indeksen i Frankfurt hadde gått opp 0,7-prosent, medan CAC 40 i Paris hadde stige 0,9 prosent.

(©NPK)