No får Tusenfryd opne portane

Etter fleire koronautsetjingar opnar omsider underhaldningsparken Tusenfryd portane laurdag.
innenriks

Etter at Ås kommune gjekk ut av dei lokale forskriftene er parken, som ligg like utanfor Oslo, klar for opning laurdag.

Det er innført fleire smitteverntiltak, mange av desse er identiske med dei gjeldande smittevernråda i Noreg – men det er òg innført spesifikke tiltak som er spesielt tilpassa parken og drifta av attraksjonane.

Eitt av tiltaka er at det dagleg er ei avgrensa mengde billettar tilgjengeleg. Derfor ber Tusenfryd om at alle som ønskjer å besøkje underhaldningsparken om å bestille datofesta billettar i forkant av besøket.

– Dette er heilt nødvendig for at vi skal kunne halde kontroll på kor mange vi har i parken og her gjeld «først til mølla» prinsippet, seier Tusenfryd-direktør Bjørn Håvard Solli.

I første omgang blir under 50 prosent av normalt besøk sleppt inn per dag, men dette vil bli vurderte og justerte ut frå gjeldande restriksjonar, smittesituasjon og omfang på smitteverntiltak.

(©NPK)