Lang kø på grensa til Noreg

Køane av reisande som hadde vore i Sverige, og som måtte gjennom teststasjonen på grensa før dei kunne reise vidare, vart lange fredag ettermiddag.
innenriks

Frå klokka 15 fredag ettermiddag kunne fullvaksinerte nordmenn med gyldig koronasertifikat og gyldige innreisepapir til Noreg igjen krysse grensa utan å måtte gå i karantene.

Dei som hadde gyldige papir, vart sende rett til ein teststasjon som er sett opp, der dei måtte ta ein hurtigtest før dei kunne reise vidare.

Politiførstebetjent Stian Rasmushaugen i Aust politidistrikt seier til NRK at det er normalt med kø på denne tida av døgnet, men fortel at somme har venta omkring ein time.

– Vi har bemanna opp for å kunne møte det vi ser for oss at kan komme til å skje. Men vi håpar at flest mogleg vel å la vere og berre legg ut på nødvendige reiser, seier Rasmushagen.

Leiaren for teststasjonen, Jostein Stø, seier til Dagbladet at folk kan sendast heim utan test dersom dei må vente lenger enn halvannan time ved grenseovergangen.

– Då må dei køyre rett heim og halde seg der til resultatet av testen kjem. Dei som er positive, ringjer vi opp straks, seier Stø.



(©NPK)