FHI ber Oslo om å bremse gjenopninga

Folkehelseinstituttet (FHI) meiner Oslo bør sakke ned på gjenopningstempoet. Dei meiner det er for få som er vaksinerte i hovudstaden, skriv Aftenposten.
innenriks

Den opphavlege planen var å byrje på trinn tre denne veka. Det vart utsett, i hovudsak som følgje av fleire smitteutbrot på Oslo vest i samband med russefeiringa. No er 18. juni sett som neste dato i gjenopninga.

Byrådsleiar Raymond Johansen (Ap) sa seinast tysdag at gjenopninga av Oslo så langt har vore ein suksess, og at ambisjonen no er at når byen går vidare og opnar, så skal det vere for godt.

Men allereie måndag åtvara FHI mot å ta med nokre punkt frå fase tre i tillegg til dei punkta i fase to som byrådet utsette, når byen skal opnast ytterlegare 18. juni, ifølgje Aftenposten.

– For å sikre ei kontrollert gjenopning åtvarar vi mot å innføre alle punkta i trinn 3 samtidig, heiter det i tilrådinga frå FHI, som altså førte til at Oslo utsette opninga av byen.

FHI meiner at delar av dei opphavlege punkta i trinn tre kan vurderast, ikkje alle, og dei er særleg urolege for vaksinasjonstempoet i Oslo.

– Vi vurderer at situasjonen framover er sårbar så lenge det framleis er ein høg andel av vaksne i Oslo som ikkje er verna / uvaksinerte, skriv FHI, som ikkje har vore tilgjengelege for avisa for ei vidare oppdatering.

Byrådsleiaren har på si side hevda at vaksinetempoet dei næraste to vekene skal trappast kraftig opp.

(©NPK)