Nedgang på Oslo Børs for fjerde dag på rad

Hovudindeksen på Oslo Børs fall svakt med 0,2 prosent torsdag og enda på 1.126,89 poeng då handelen stengde.
innenriks

Det var fjerde dagen på rad med nedgang på Oslo Børs. Nedgangen kjem etter at det vart sett fleire nye rekordnoteringar i byrjinga av juni.

Equinor var det suverent mest omsette selskapet torsdag med ein handel på meir enn 500 millionar kroner. Aksjekursen fall 0,7 prosent. Hydrogenselskapet NEL fall 3,9 prosent og solenergiselskapet Scatec fall 3 prosent.

DNB steig 0,5 prosent og Telenor 0,8 prosent, medan lakseselskapet Salmar steig 1,2 prosent i kjølvatnet av selskapet opplyste at det vil hente inn meir eigenkapital tidlegare i veka.

Shippingselskapet Golden Ocean Group gjekk opp ikkje mindre enn 4,7 prosent.

Oljekursen steig torsdag ettermiddag, og eit fat nordsjøolje vart seld for 72,42 dollar.

Også på dei europeiske børsane var det blanda utvikling torsdag ettermiddag. Dax 30-indeksen i Frankfurt låg på same nivået som ved opninga, medan CAC 40-indeksen i Paris fall 0,2 prosent. I London steig FTSE-indeksen med 0,7 prosent.

(©NPK)