Flat dag på Oslo Børs

Hovudindeksen på Oslo Børs fall 0,04 prosent til 1128,5 poeng onsdag. Sjømatsektoren fall noko gjennom dagen.
innenriks

Saman med Equinor var oppdrettsselskapet Salmar dei mest omsette aksjane onsdag, men medan oljeselskapet steig med 0,5 prosent, vart oppdrettsselskapet dagens tapar på hovudindeksen med eit fall på 8,2 prosent.

Sjømatsektoren totalt enda med ein nedgang på 1,6 prosent.

Norwegian-aksjen steig med 3,5 prosent, følgt av Golden Ocean Group, som steig med 3 prosent.

Blant dei største selskapa på børsen, forutan allereie nemnde Equinor, gjekk Telenor fram med 0,3 prosent, medan både DNB og Yara fall, høvesvis med 0,1 og 0,3 prosent.

Oljeprisen steig noko, og ved børsslutt vart eit fat nordsjøolje omsett for 72,60 dollar fatet, ein oppgang på 20 cent frå børsslutt tysdag.

Blant dei tonegivande europeiske aksjeindeksane var resultatet noko blanda ved 17-tida. FTSE 100-indeksen i London hadde ein nedgang på 0,2 prosent, medan CAC 40-indeksen i Paris hadde stige 0,3 prosent. Dax 30-indeksen i Frankfurt fall 0,3 prosent.

(©NPK)