Danskar vist bort frå Noreg – tromsøværing mistenkt for skihjelp

Tre danske statsborgarar er arresterte og viste bort etter å på ulovleg vis ha prøvd å ta seg inn i Noreg ved å gå på ski over grensa.
innenriks

Dei tre danskane prøvde først å ta seg over grensa på sykkel, men vart då vist bort av Heimevernet, som utfører grensekontrollen på Bjørnfjell i Nordland.

Danskane bytte deretter syklar med ski og tok seg over grensa utanom kontrollpunktet. Dei vart observerte av ein hytteeigar i området, skriv politiet i ei pressemelding.

Der opplyser dei òg at ein person busett i Tromsø er mistenkt for medverknad ved å skaffe ski til dei tre danskane.

– Personane vart arresterte i Tromsø i går. Dei sit no i arrest i Tromsø. Det er fatta bortvisingsvedtak, og dette er forkynt for dei. Dei skal etter planen følgjast tilbake til Danmark i løpet av laurdag, skriv politiet.

Kvar av dei tre fekk eit førelegg på 10.000 kroner, som dei har vedteke.

Leiar for operativ utlendingsseksjon i Troms politidistrikt, Lars Andreas Moen-Mikalsen, seier han hittil aldri har sett liknande forsøk på ulovleg grensekryssing.

– Svaret på om vi har sett mykje av dette, er eit soleklart nei. Dette er blant dei meir kreative forsøka vi har sett, seier han til NTB.

(©NPK)