Byrådet held pressekonferanse om Oslo-gjenopning til veka

Fredag neste veke, 21. mai, vil byrådet i Oslo halde ein pressekonferanse om den vidare gjenopninga av byen.
innenriks

– Dersom smitten held fram med å gå ned, talet på vaksinerte går opp og talet på sjukehusinnleggingar held fram med å gå ned, så vil vi komme tilbake med fleire detaljar om gjenopninga i slutten av neste veke, seier byrådsleiar Raymond Johansen til Aftenposten, som først melde om pressekonferansen.

Det er alt varsla at trinn to i gjenopninga til kommunen ikkje byrjar før etter 27. mai, men dei vidare detaljane kjem då neste veke.

(©NPK)