Støre ser ikkje bort frå at Alta blir ein del av Troms

Ap-leiar Jonas Gahr Støre ser ikkje bort frå at Alta kan melde permanent overgang til Troms, dersom samanslåinga av Finnmark og Troms blir reversert.
innenriks

Alta kommune grensar mot Troms, og tanken er å flytte den gamle fylkesgrensa, slik mange i Alta ønskjer. Kommunen har nesten 21.000 innbyggjarar og utgjer dermed ein betydeleg del av folketalet i Finnmark, som er på omkring 75.000.

– Om vi får regjeringsmakt etter valet, vil vi lytte til fylkestinga, og viss det blir vedteke ønske om oppløysing, vil vi støtte det, seier Støre til Dagbladet.

På direkte spørsmål om Alta svarer Ap-leiaren slik:

– Når det gjeld kommunar som ønskjer å flytte frå eit fylke til eit anna, må vi sjå på det viss den situasjonen oppstår.

Ein sentralt plassert fylkespolitikar Dagbladet har snakka med, tviler på om det er mogleg å reetablere eit nytt Finnmark utan at den mest folkerike kommunen i fylket er med.

(©NPK)