Støre seier Ap vil redde AFP-ordninga

LO og NHO har vorte samde om ei felles utgreiing om ei reformert AFP-ordning. Ap-leiar Jonas Gahr Støre lovar at ei raudgrøn regjering vil ta rekninga.
innenriks

– I dag har vi ei regjering som seier dei ikkje vil bidra med ein pøkk meir. Regjeringspartiet Venstre ville fjerne bidraget frå staten heilt. Det bidreg til stor uvisse. Det vil vi ikkje vere med på, seier Støre til VG.

LO vil prøve å forhandle fram ei ny ordning for avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor. Bidraget til staten er i dag på ein tredel av utbetalingane til den enkelte AFP-ar. Venstre vil stanse dei statlege overføringane, mellom anna fordi AFP går til tilsette som er fagorganiserte.

LO-leiar Peggy Følsvik seier dei ønskjer ei ordning der ein får AFP-utbetaling avhengig av kor lenge ein har jobba i ei bedrift med AFP-ordning.

Arbeids og sosialminister Torbjørn Røe Isaksen (H) peikar på at skattebetalarane per i dag bidreg med nær 2,5 milliardar kroner i året til AFP, og at summen vil auke framover.

– Regjeringa har sagt at vi vil halde fram med dette slik at vi kan få ei forbetra AFP-ordning. Samtidig må ordninga vere økonomisk berekraftig over tid, seier han.

Ei reformert AFP-ordning er berekna å koste om lag 20 milliardar kroner mellom 2023 til 2080. Den vil gjelde for årskull fødd i 1961 og seinare, medan dei som er fødd før, blir verande i dagens ordning.

Dagens ordning omfattar cirka 22 prosent av alderspensjonistane i privat sektor, medan 66 prosent i framtida vil kunne vere omfatta av den nye ordninga.

(©NPK)