Snøkrabbe og laks bidrog til vekst i sjømateksporten

Noreg eksporterte sjømat for 8,6 milliardar kroner i april. Det er ein auke på 338 millionar kroner, eller 4 prosent, samanlikna med april i fjor.
innenriks

– Sjølv om sjømatmarknadene framleis er sterkt prega av koronapandemien og ei styrkt norsk krone, er verdien av sjømateksporten i april den nest høgaste april-månaden nokosinne, seier administrerande direktør Renate Larsen i Noregs sjømatråd.

Ho forklarer at dette mellom anna kjem av at det blir eksportert rekordhøge volum til auka prisar av mellom anna laks og snøkrabbe.

86.000 tonn laks

Lakseeksporten var i april på 86.000 tonn laks til ein verdi av 5,8 milliardar kroner. Verdien av lakseeksporten var den nest høgaste for april månad nokosinne, berre slått av april 2019 – då han var på 6,2 milliardar kroner.

Når det gjeld snøkrabbe, vart det eksportert 770 tonn til ein verdi av 123 millionar kroner i april, ein auke i volum på 515 prosent. Her auka verdien med 105 millionar kroner, eller 585 prosent, samanlikna med april i fjor.

Polen, Frankrike og USA var dei største marknadene for norsk laks i april, medan USA, Danmark og Nederland var dei største marknadene for norske snøkrabbe.

– Ettertrakta

Fiskeri- og sjømatminister Odd Emil Ingebrigtsen er godt fornøgd med tala.

– Det betyr at vi har ei næring som er tilpassingsdyktig og med flinke folk i alle ledd. Dette er ein føresetnad for vidare føreseielegheit for mange viktige arbeidsplassar og gir verdiskaping over heile landet vårt, seier han i ein kommentar til NTB.

– Trass i koronapandemien har sjømateksporten klart seg svært godt og den norske sjømaten er ettertrakta i utemarknadene, seier Ingebrigtsen.

(©NPK)