Sju personar drukna i april

Sju menn døydde i drukningsulykker i april, viser Redningsselskapets statistikk.
innenriks

Fire av ulykkene skjedde i samband med bruk av fritidsbåt, inkludert vasskuter. For ein person er ikkje årsaka kjent.

To personar drukna etter å ha gått gjennom isen. Til no i år har seks personar omkomne etter å ha gått gjennom isen. Det er det høgaste sidan 1994.

– Ei mogleg forklaring kan vere at fleire har vore meir ute under koronapandemien, seier Tanja Krangnes, seksjonsleiar for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

19 personar har drukna i år, alle var menn, og 80 prosent var over 60 år.

(©NPK)