Senterpartiet vil forby elsparkesyklar på fortaua

Jan Bøhler i Senterpartiet meiner den nye sparkesykkellova ikkje går langt nok. Han vil ha elsparkesyklane heilt vekk frå fortaua.
innenriks

– Vi må få vedteke køyreforbod på fortau for å få slutt på kaoset i byen, unngå ulykker og gi mange fotgjengarar tryggleiken tilbake, seier stortingsrepresentant Jan Bøhler (Sp) til NTB.

Måndag fremja eit stortingsfleirtal sett saman av SV, Senterpartiet, Høgre, Arbeidarpartiet og KrF eit felles lovforslag som gir kommunane meir makt til å regulere elsparkesykkelutleiga. Lova trer truleg i kraft allereie i juni.

Bøhler meiner dette er vel og bra, men synest dei berre har komme halvvegs. Han meiner det neste steget må bli at elsparkesyklane blir klassifiserte som motorkøyretøy i staden for sykkel i byane.

− Ei slik klassifisering vil innebere at det blir forbode å køyre på stader som fortau og gangvegar, seier han.

Senterpartiet stiller seg bak den nye lova om reguleringsmoglegheitene for kommunane, men har i tillegg levert eit eige forslag om klassifisering, som skal opp til votering i Stortinget 1. juni.

– Dette gjeld ikkje berre elsparkesyklar til utleige. Private elsparkesyklar utan fartssperre på 20 kilometer i timen er eit aukande og farleg problem, seier Bøhler.

I den nye elsparkesykkellova får kommunane rett til å lage eigne soner på offentleg grunn der utleigesparkesyklane må plasserast ut og parkerast. Kommunane får òg høve til å innføre fartsgrenser i enkelte område.

Dette kjem på toppen av dei nye trafikkreglane for elsparkesyklar som regjeringa kom med i slutten av april. Dei regulerer mellom anna fart, parkering og kor mange personar det kan vere på sparkesykkelen.


(©NPK)