Salsrekord for sportsutstyr

I første kvartal vart det selt sportsutstyr for 3,3 milliardar kroner i Noreg. Det er rekord, ifølgje Norsk Sportsbransjeforening.
innenriks

Sportskjedene auka omsetninga med 25 prosent i dei første tre månadene i år, skriv Dagens Næringsliv.

– Det har aldri vorte selt så mykje sportsutstyr i eit første kvartal som i år, seier administrerande direktør Trond Evald Hansen i Norsk Sportsbransjeforening til avisa.

Kjedene Sport 1 og Anton sport auka omsetninga med over 64 prosent i første kvartal.

– Det kjem av i hovudsak at det vart ein fantastisk vinter, og så er det sjølvsagt koronaeffekten. Når folk ikkje har moglegheit til å reise ut, har dei valt å bruke naturen for det han er verd, seier dagleg leiar Ole Henrik Skirstad i Sport 1 Gruppa.

(©NPK)