Raudt og MDG kan få LO-støtte

LO skal løyve millionar til valkampen. Det ligg an til strid om partia Raudt og MDG skal få støtte, ifølgje Klassekampen.
innenriks

Historisk sett har LO berre gitt millionstøtte til Arbeidarpartiets valkamp. Men etter den raudgrøne koalisjonen med SV og Sp i 2005, vart støtta utvida til òg å omfatte desse to partia.

Torsdag skal LOs representantskap ta avgjerda om valkampen og løyve støtte til partia, skriv Klassekampen.

Avisa erfarer at innstillinga frå LO-sekretariatet er å berre satse på dei tre raudgrøne partia. Men det vil bli fremja forslag om å gi støtte òg til Raudt og MDG.

– Eg trur vi kan få fleirtal for Raudt, men det kan bli vanskeleg med MDG. Det blir fort vanskeleg med industri og olje, det er jo ein vanskeleg diskusjon i LO, seier leiar Mimmi Kvisvik i sosialarbeidarforbundet FO.

Raudt har fått LO-støtte éin gong tidlegare, medan MDG aldri har fått det. LO ønskjer ikkje å gi ein detaljert kommentar i forkant av avgjerda på torsdag.

– Det er representantskapet som avgjer storleiken og kva parti LO skal støtte, skriv LO-rådgivar Wegard Harsvik i ei fråsegn til avisa.

(©NPK)